Kven er eg

megEg har sjølv spurt meg om det mange, mange gonger gjennom livet. Kven er eg eigentleg. Svaret eg kjem fram til har eigentleg ikkje endra seg så mykje med åra. Sjølv om det sikkert er 25 år sidan eg tenkte tanken fyrste gong føler eg meg endå ung, eventyrlysten, glad i dyr, mennesker, natur, bøker, form og farge, fjord og fell, planter, hage, matlaging, fotografering, fiske, hagestell osv. osv Veldig glad i livet og det det har å by på generelt.

Den største raude tråden gjennom livet er nok dyr og natur. Når eg benyttar ordet natur tenkjer eg på alt frå ei lita spire, høge fjelltoppar, dyra, samspelet, jord, fuglar, trær, innsekt til mennesket fysisk og mentalt. Å skriva dyr og natur, er ei dårleg formulering. Også det å remsa opp alt dette for til sjuande og sist er det, for meg, snakk om natur alt saman.

22 år etter eg flytta frå barndomsheimen, vil nok 24. februar 2014 verta ein merkedag for resten av livet. Eg fekk ein av dei beste telefonane eg nokon sinne kunne få. Jobbtilbud og mogelegheit til å flytta heim.

Her startar også spira til denne bloggen. Endeleg åpnar alle mogelegheiter seg for å leva det livet eg lenge har venta på. No var altså tida inne. Heim til vakker vestlandsnatur, familie, venner, sjø, fjord og fjell. Plass til å dyrka det eg måtte ynskja og på sikt få mine eigne høner og andre firbeinte vener som kan gje både egg og kjøt.

Håpar sidene her kan hjelpa til med å koma i kontak med andre som gjerne deler nokon av mine interesser. Inspiasjon, kunnskap, diskusjonar og felles glede er krydder og fargestoff. To heilt nødvendige ingrediensar for eit magisk, innhaldsrikt, fargerikt og givande liv.

-bente-

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Du kan bruke disse HTML-kodene og -egenskapene: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>