Høner

gullEg gledar meg så inderleg til å gå inn til eigne høner og samla egg saman med gullet Samson som eg er so heldig å vera moste til.

Det nærmar seg visning av hus, siste arbeidsdag og flytting. Draumen eg so lenge har gått med er snart ein realitet og hodet er fylt av planar, idear og glede.

I kveld set eg å kikkar på høner igjen. Det vert nok ikkje noko åpning av hønsegården før til neste vår, men eg følger med på oppdrettarar, til salgs sider og les om dei ulike rasane. Eg er ein rimeleg impulsiv sjel, men når det kjem til dyr er det svært viktig å setja seg inn i kva tilrettelegging som skal til og samtidig finna dei individa som er best mogeleg tilpassa det ein er ute etter.

Vestlandet med sitt forholdsvis milde klima åpnar for det meste, så lenge ein har eit godt og lunt hønsehus treng ein ikkje gå for dei aller mest hardføre rasane sjølv om ein vil dei skal kunna gå mest mogeleg fritt og rundt på bruket.

Eg er ute etter gode eggleggarar, fine kjøttrasar og gjerne nokon som også er flinke til å ruga og ta seg av kyllingane sine. Må også innrømma at eg er svak for dei noko tyngre rasane, både pga. utsjånad og lynne.

Foreløbig har eg landa på Australorps, Sussex og Orpington (eit par sidan eg synes dei er so nydelege) Har også lyst på Brahma, men et redd hanane her kan verta i største laget. Har heldigvis endå god tid til å lesa vidare på både nett og i bøker, samt eg skal rundt på besøk til familie og venner som har dei ulike rasane.

….eg har litt på følelsen av at nokon få høner fort kan verta til fleire høns :-)

 

 

Dette innlegget ble publisert i Dyr. Bokmerk permalenken.

2 kommentarer til Høner

  1. Torill sier:

    Åååå… So koselig å lesa. Gler meg til å tilbringe mykje tid saman med deg på den beste plassen på jord❤️️

    • Kalpana77 sier:

      Tusen takk! .DET Gledar eg meg også til!! ..og ja, eg veit gledar står med stor G osv, men det var altså meininga ;) Me har mange, mange flotte stunder i vente :) :) Stooor glede!..

Legg igjen en kommentar til Torill Avbryt svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Du kan bruke disse HTML-kodene og -egenskapene: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>