http://storglede.blogspot.no

storgledeDå er bloggen flytta, eg har fortsatt nokon veker igjen men tankane er flyktige mellom aust og vest fortida.

http://storglede.blogspot.no/ blei til då eg for ca eit år sidan fekk mogelegheit til å søka sluttpakke frå Telenor. Eg var heilt sikker denne gongen på at dette var billetten heim. Slik skulle det ikkje bli, men som vanleg trur eg tida då ikkje var inne og at det er mogelegheita eg har fått no som venta på meg. Ein spanande jobb og mange, store nye utfordringar.

Det er med blanda følelsar eg seie opp etter 16 år som ansatt i Telenor, men den som intent våger, intet vinner og dette er altså det eg har gått å drøymt om dei siste ti åra.

Det å reisa i frå fantastiske kollegaer, nydelege venner, hus eg er glad i, ein flott arbeidsplass og trygge rutinar er kanskje litt dumdristig om ein spør enkelte. Uansett, det er draumen og er ein av ildteikn, hjartestyrt med størst aktivitet i høgre hjernehalvdel… ja, då er det det einaste rette.

http://storglede.blogspot.no/ har eg benytta til å spre gode tankar, gleder, og energi rundt den vegen eg ynskjer livet skal ta. Det funka!

Eg er klar for eit nytt og spanande kapittel i livets underfundige eventyr.

-bente-

Dette innlegget ble publisert i Liv og lykke. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Du kan bruke disse HTML-kodene og -egenskapene: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>