Tre år sidan førre innlegg

Det er heilt utruleg kor tida fyk. Dagane har hverken fått fleire timar eller eg mindre å gjera, men planane om å halda Plasset.no litt meir oppdatert har pressa seg oppover på ønskelista og følgade fått ein plass på prioriteringslista. Det er so kjekt når det plutseleg dukkar opp e-post frå andre likesinna der ute med tips og tilbakemeldingar osv, så no var eg plutseleg her igjen.

Tenkte å starta med ei kort oppdatering over dei tre siste åra, men samtidig fyrste åra på Plasset heima i vakre Herand.

Eg stortrives fortsatt i den "nye" jobben min og lære noko nytt kvar einaste dag. Eg fekk gå eit år på Mellomledarskulen via MEF der eg fekk ein topp start på livet i anleggsbransjen.

Heima på bruket har det endra seg ein del. Eg har fått veg til sjøen, ny kai og fått malt heile huset.

Eg har fått bygd hønsehus, ruga fram kyllingar og får no ferske egg servert kvar einaste dag.

Eg har fått røska opp i gamle bed, begynt å klippa eit større område med plen og planta rips, solbær, bringebær, jordbær, blåbær og plommetre.

Innimellom har eg pussa litt opp inne, malt stuer, kjøkken og bad, men eg elskar det gamle huset slik det er så her er det ikkje skjedd så mykje endå.

Eg har rukke å nyta masse. Fått meg kajakk, flotte turar til sjøs og til fjells eller berre rolege kveldar heima på plasset. Eg rett og slett elskar livet på landet og her har eg mogelegheit til å gjera draumane mine til verkjelegheit.  

I april 2018 måtte eg ta farvel med min aller beste ven, Bono, det vart eit stort tomrom på Plasset og i kvardagen. Sjølv om ingen nokon gong kan erstatta han, har Trulte klart å dekka tomrommet til det fulle og saman med Uglo og hønene er det liv stort sett døgnet rundt på Plasset.

Det var heilt kort oppsummert dei tre siste åra sidan førre innlegg. Planane framover er mange, og når eg ser tilbake på nettstaden her så går dei sakte, men sikkert i oppfyllelse ein etter ein. Eg satsar på det fortset slik og at eg kan dela dei med alle som måtte ynskja her på Plasset.no og kanskje igjen få tips, gode råd og tilbakemeldingar frå dåke der ute i den lille, fine verda vår.

-bente-

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *