Ventetid – litt som advent

Eg ventar no. Ventar på å verta ferdig med visning, forhåpentlegvis salg og kome meg over fjellet. Eg har så mange planar, draumar, gleder. Ser så fram til å byrja i ny, spanande jobb og koma i gang med kvardagen i vest.

Vårsteming i Herand

Vårsteming i Herand

Eg kan ikkje pakka ned så mykje meir før visning, prøvar å ikkje rota for mykje og går litt på «tåhev» i eigen heim. Det tinar i hagen og eg har lyst å begynna å grava, planta og så, men denne våren er alt litt på hald.

Eg nyttar og nyt tida med planlegging, les bøker, «google», ser seriar om hus, hage, bondeliv og plantestell. Les om høner, sjølvforsyning, turar i Hardanger, oppussing av gamle hus, fargar, ideear, trær, bær,dyr, jul, slakt, kajakk, gamle staudar, urter, høner, osv. osv. Tek meg i å gleda meg til jul også, og i går las eg ei heil bok om fine juletradisjonar..i mars!. Eg gledar meg til så mykje at eg har laga meg ei liste for å hugsa på alt og må stadig minna meg sjølv på å gleda meg til no. Det er jo tross alt det aller viktigaste. Nuet.

Det er litt som ei adventstid, mykje kos og gleder medan ein ventar på den store dagen.

Berre godt og vel to arbeidsveker igjen.

Dette innlegget ble publisert i Liv og lykke. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Du kan bruke disse HTML-kodene og -egenskapene: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>