Liv og lykke

Eg ventar no. Ventar på å verta ferdig med visning, forhåpentlegvis salg og kome meg over fjellet. Eg har så mange planar, draumar, gleder. Ser så fram til å byrja i ny, spanande jobb og koma i gang med kvardagen i vest.

Vårsteming i Herand
Vårsteming i Herand

Eg kan ikkje pakka ned så mykje meir før visning, prøvar å ikkje rota for mykje og går litt på "tåhev" i eigen heim. Det tinar i hagen og eg har lyst å begynna å grava, planta og så, men denne våren er alt litt på hald.

Eg nyttar og nyt tida med planlegging, les bøker, "google", ser seriar om hus, hage, bondeliv og plantestell. Les om høner, sjølvforsyning, turar i Hardanger, oppussing av gamle hus, fargar, ideear, trær, bær,dyr, jul, slakt, kajakk, gamle staudar, urter, høner, osv. osv. Tek meg i å gleda meg til jul også, og i går las eg ei heil bok om fine juletradisjonar..i mars!. Eg gledar meg til så mykje at eg har laga meg ei liste for å hugsa på alt og må stadig minna meg sjølv på å gleda meg til no. Det er jo tross alt det aller viktigaste. Nuet.

Det er litt som ei adventstid, mykje kos og gleder medan ein ventar på den store dagen.

Berre godt og vel to arbeidsveker igjen.

storgledeDå er bloggen flytta, eg har fortsatt nokon veker igjen men tankane er flyktige mellom aust og vest fortida.

http://storglede.blogspot.no/ blei til då eg for ca eit år sidan fekk mogelegheit til å søka sluttpakke frå Telenor. Eg var heilt sikker denne gongen på at dette var billetten heim. Slik skulle det ikkje bli, men som vanleg trur eg tida då ikkje var inne og at det er mogelegheita eg har fått no som venta på meg. Ein spanande jobb og mange, store nye utfordringar.

Det er med blanda følelsar eg seie opp etter 16 år som ansatt i Telenor, men den som intent våger, intet vinner og dette er altså det eg har gått å drøymt om dei siste ti åra.

Det å reisa i frå fantastiske kollegaer, nydelege venner, hus eg er glad i, ein flott arbeidsplass og trygge rutinar er kanskje litt dumdristig om ein spør enkelte. Uansett, det er draumen og er ein av ildteikn, hjartestyrt med størst aktivitet i høgre hjernehalvdel... ja, då er det det einaste rette.

http://storglede.blogspot.no/ har eg benytta til å spre gode tankar, gleder, og energi rundt den vegen eg ynskjer livet skal ta. Det funka!

Eg er klar for eit nytt og spanande kapittel i livets underfundige eventyr.

-bente-