• Draumen om drivhus..

    ..er endeleg oppfylt 🙂 Heile påsken gjekk med, og vel så det, men no er det endeleg kome drivhus på Plasset.

    Eg har lenge, veldig lenge vurdert modellar, leverandørar, plassering, glas/plast, størrelse, pris, levering osv. Enda til slutt opp med eit 14,5 m2 drivhus, med 10 mm polykarbonatplater frå Hobbydrivhus.no og har ikkje angra eit sekund. Er svært fornøyd med både kundeservice og kvalitet og kan absolutt gje dei mine beste anbefalingar!

    Eg har valgt jordbunn i drivhuset, for å lettast mogeleg kunna opparbeida ei levande og god jord full av liv til plantene mine.

    Her er litt bilete frå prosessen frå draum til drivhus;

    Tomta eg landa på var midt i den gravefrie grønnsakshagen min. Her måtte eg uansett drenera på sikt og eg er så glad i denne lune og solrike delen av eigendommen.
    Eg måtte blinda igjen og la den gravefrie hagen min bli invadert av ein svært så effektiv og hjelpande arm nokon dagar.
    Vart nesten frista til å laga fiskedam i staden, men denne runden var det drivhus som stod på planen så vannet måtte vekk.
    Ein så deilig følelse når vannet fossa ut av tomta, og me fekk saman med drensrøyra lagt ned trekkerøyr til vann og evt. straum.
    Sokkelen til drivhuset vart støypt ned i papprøyr med sement, som igjen er bolta fast med armering til fjell

     

    Så skulle jorda tilbake på plass 🙂
    På toppen fylte eg opp med flis.

    Endeleg klar til innflytting. Drivhuset vart levert i tjukk papp som er ypperleg til å nytta som bunn i dei gravefrie beda mine. Her har eg planar om å setta poteter om nokon veker 🙂

    No ser eg, nok eingong, med stooooor glede fram til vår og mange fine stunder i drivhuset. Spisestua inne er full i små planter som snart skal få seg ein ny og triveleg heim.

    God vår!

    -bente-