Det har vore ein fantastisk start på ny tilværelse her i vest. Eg elskar den nye jobben min, og stortrives med hus og ny heim. Det einaste som er negativt er at døgnet føles å ha endå mindre timar enn i aust, og sjølv der var eg i manko.
Det er lista opp og lista ned med planar, gjeremål og daglege sysler. Eg har difor kome fram til at eg ikkje kjem til å prioritera å bruka noko særleg tid på blogging. Instagram derimot, der har Plasset fått sin eigen stad og eg håpar dei som evt. måtte fylja med her inne heller heng på der. #plasset vil nok fyllast med store og små gleder, hus, heim, hage, hobby, dyr, natur osv osv. Rett og slett at det gode liv på landet har å by på.
-bente-